Richard Millet: «Éloge littéraire d’Anders Breivik»

Doner Bitcoin til Akroma.no

kr.

Doner et egendefinert beløp

Personlig informasjon

Sum donasjon: 50,00 kr.

Teksten under er oversatt fra fransk til nynorsk. Den er opprinnelig skrevet av den franske forfatteren Richard Millet.

Det er en tekst som i 2012 skapte en del oppstyr. Den gangen ble teksten også omtalt av Aftenposten.

Akroma.no offentliggjør denne oversettelsen, fordi teksten har blitt reaktualisert den siste uken. Blant annet på grunn av moské-angrepet i Bærum. Publiseringen av denne oversettelsen skjer på bakgrunn av rent akademiske motiver.

Nynorsk er trolig det best egnede skriftspråket til å formidle slike oversettelser.


Litterære lovord til Anders Breivik

Av Richard Millet

«Ta livet av seg? Ingen grunn til det, livet og døden er to sider av same sak. Det er slik eg ser på det evige – der eg er no, der eg alltid har vore, der eg alltid kjem til å vere.»

– Pierre Drieu La Rochelle. Teke frå «Le Feu follet» (Lyktemannen).

I det eg tek til på det som kan kome til å verte littære lovord til Anders Behring Breivik, så vil eg be lesarane om å merke seg at eg ikkje går god for det som Anders Behring Breivik gjorde den 22 juli 2011, i Noreg. Det er kor som er det som han gjorde då som eg kjem til å ta for meg, for det som slo meg var den formelle perfeksjonen i handlingane hans. So sant ein er i stad til å rive handlingane lause frå den politiske, jamvel kriminelle konteksten, så har dei nemnde handlingane ein eigen litterær dimensjon, ein perfeksjon som – på same måten som vondskapen – alltid meir eller mindre har sin plass i litteraturen.

Nyhendemeldingane (i det minste det som pressa ein gong framleis kalla for “nyhende” og som ho sidan – underlagd som ho er den globalistiske språkordninga der språket vert flata ut med di ord vert korta ned eller gjevne nytt innhald og skifte ut – har omdøypt til “news”), nyhendemeldingane spreier seg snøgt i det vide og det breie, og det på ein måte som er komen heilt ut or proporsjonar.

Dei er heilt ut or proporsjonar av di me andre, europearane, har drege oss ut or soga – ikkje for å leve i ei post-soge, men i ein utanfortilstand der sogeløysa har pakka seg inn i lett, meiningslaus underhaldning.

Og dei er heilt ute or proporsjonar av di det verste no om dagen skriv seg frå det at Europa ikkje lenger har noko å fare med, korkje litterært, kunstnarisk, intellektuelt eller politisk – og dette lågmålet har vorte eit mål for heile den vestlege verda.

Det er såleis naudsynt å kome attende til det som hende den 22. juli 2011: Anders Breivik, ein 32 år gammal nordmann, sprengjer fyrst ei bombe i Oslo sentrum, klokka 15.26, framfor bygningen åt riksstyret og den åt olje- og energidepartementet – maktsentrumet i samtids-Noreg. Eksplosjonen skulle ende med åtte døde.

Ein time seinare, utkledd som politimann, går Breivik om bord i ferja som fører til den vesle Utøya, rett i nærleiken av Oslo. Her slaktar han 69 personar, for det meste unge sosialdemokratar som er samla til sommarlæger. Noko som, med dei åtte dødsoffera i Oslo, i alt gjev 77 døde – attåt hopetals skadde. Breivik vert sidan arrestert utan å ha utveksla eit einaste skot med ordensmakta som er komne til øya ein time seinare. Han er nyss vorten kvalifisert som “paranoid schizofren og utilrekneleg” av psykiatarane – openbert “ekspertar”, det er folk som ein kan seie har fått den oppgåva frå systemet at dei skal halde oppe ein illusjon om å sitje på “spesialisert” kunnskap. Slik er dei med på å byggje opp under den store medielygna; hand i hand vandrar eksperten med juristen, journalisten med romanforfattaren, den eine med den andre i teneste for den politiske ordenen.

“Galskapen” til Breivik, om han framleis let seg påvise hjå dei nye ekspertane, kjem til å vere framgangsmåten for å få bringe til tagnad ein mann som meiner han er åndsfrisk og som vil ta ansvaret for det han har gjort. Ein prosess av det slaget der Breivik legg fram tankane sine om islamiseringa av Europa, det må ein vite er vanskeleg for det norske demokratiet. Det norske demokratiet – eit ope samfunn, fylt med toleranse og fredfull broderskap andsynes andre folk, til liks med alle dei europeiske nasjonane – men som like fullt kjenner på ei uro for utanomeuropeisk innvandring, som oftast muslimsk, og som skaper ei kjensle av audmjuking, ein kvardagsotte, altså kimen til ein borgarkrig – og det på same tid som ein freistar innprenta den sjølvmotseiande illusjonen om ein “moderat islamisme”.

Det at han skulle verte bringa til tagnad, det hadde nok Breivik alt tenkt på. Han som før han gjekk til aksjon sytte for å få spreidd på Internett eit “kompendium” på 1.500 sider: Eit slags manifest som hadde noko godtruande over seg, og der den samansette personlegdomen og “Wikipedia-kulturen” ikkje er vanskelege å setje fingeren på. Alt dette får manifestet til å framstå på mange omkverve som noko uferdig, om enn ikkje uinteressant. Men sikkert og visst er det at manifestet ikkje let seg avskriva som berre eit kraftig oppgjer med multikulturalismen, framfor alt med multikulturalismens spydspiss, islam: Breivik steller spørsmål ved den etniske omdanninga av eit Europa som er åt å tape både internasjonal innflytnad og økonomisk-finansiell effektivitet – om enn Noreg skulle vera unntaket, takk vere det som det journalistiske vokabularet kallar for petroleumsmanna (“manne pétrolière”). Utan å vere klar over det nyttar dei seg av eit bibelsk ordtilfang, eller dei er fanga inn av den bibelske dimensjonen i språket, og det samstundes med at dei europeiske nasjonane, som elles vert sagde å vere utgådde på dato og i det minste gamle (med den nedlatande nyansen som i våre dagar er vorten tillagd denne nemninga, og der alle vert sagde å vere gamaldagse om dei ikkje er samde i at det beste og venaste er det som finst her og no), dei går sosialt til grunne og det på same tid som den kristne serhåtten deira vert bytt ut med ålmenn relativisme og multikulturalisme.

Argumentasjonen og retorikken til Breivik, fortel “ekspertane” oss, skil seg på ingen måte frå den til det ekstreme høgre i Europa. På dette omkvervet er han sjølve inkarnasjonen på det som er dei ålmenne førestellingane, Breivik er åt å verte erketypen av ein “fascist” som går frå ord til terroristisk handling, etter å ha “eksplodert i raseri”, til den store gleda åt skodespelssamfunnet (i originalteksten, “la societe du Spectacle”, som openbert spelar på tittelen åt Guy Debords bok frå 1967, og som forfattaren nemner seinare i teksta. Merknad frå omsetjar), med det meiner eg den sosialistiske, vestlege verda (eller humanitær, globalistisk, antirasistisk, osb). Eit skodespelssamfunn som endeleg finn høve til å slå ned på alt det som retorikken frå ytre høgre har gjort dei so redde for, jamvel om det einast er dei åndssvake som kunne kjenne seg terroriserte: Denne store redsla som dei “gode” og “velmeinande” held oppe, på same måten som dei så lange har halde oppe den marxistiske fiksjonen sin om “lysande fyrtårn”.

Så beinkløyvt er det ikkje. Breivik er, i fyrste rekkje, eit mønsterprodukt av det vestlege forfallet som me kjenner att i den amerikaniserte småborgarskapen: skilsmålsbarn, ein utsjånad av idealtypen – han har korkje piercing, tatoveringar, dreadlocks eller snauklypt hår. Heller ikkje har han låttelege etniske klesplagg som er vortne eitt av kjennemerka på den multikulturelle ungdomen – med eit språk i samanbrot, ein lukkeleg uvitande ukultur og ein latskap hjå den einskilde som ikkje er til å ta i miss av.

Han er heterofil; han likar snøbrett, Budweiser-øl, Chanel-parfyme, Lacoste-genserar (det forpliktar å vere spektakulær, og merket Lacoste protesterte straks etter arrestasjon imot bileta der Breivik, med den underlege smilen sin, hadde teke på seg ein polo-gensar med den horrible, vesle krokodilla, som er vorten eit av kjennemerka på infantilismen i vår tid). Han har lese Leviathan av Hobbes, boka til Burke om den franske revolusjonen, og 1944; ein må berre undre seg over at ein ikkje finn nemnt “La Société du Spectacle” av Rebord eller nokre av bøkene til Baudrillard.

Som ein god, fortapt unge, så har han vore på leit etter ein større samanheng å høyre til i: Framstegspartiet (openbert nok i pressa omtala som populistisk og framandfiendtleg), frimureriet, tempelriddarordenen i Europa. Dei to siste målber for den eine sin part eit utslag av det opne demokratiet og for den andre sin part det ein må kalle kitschen i kampen mot multikulturalismen.

Ein kan slik sett seie at Breivik vel så mykje er eit barn av ein ruinert familie som han er eit resultat av den ideologiske og rasemessige oppløysinga som den ikkje-europeiske innvandringa dei siste tjuetals har ført med seg – og som har vore førebudd i lang tid med den amerikanske massekulturen, den endelege konsekvensen av Marshall-planen: Frå Marshall-planen til den allmektige globaliserte marknaden, me kan fint fylgje den rørsla som Europa har nytta til å skrive seg sjølv ut or soga, både på det økonomiske og det kulturelle planet, og utan tvil på det etniske planet med. Eg freistar ikkje å gjere politikk ut av noko som er sosio-psykologisk; eg er ingen “ekspert”, og eg står på ingen måte nær Breivik. Eg seier det endå ein gong: eg fordømer handlingane hans. Eg slår fast at tilfellet Breivik skriv seg inn i det store tapet av uskuld og framtidsvon som er sermerkt for Vesten, og som er andre namn på øydelagd verdi og meining.

Breivik er, som så mange andre individ, unge eller ikkje, komen frå ein folkesetnad som i møtet med den vedvarande avskrivinga av nasjonen, stigmatiseringa av fedrelandskjærleiken, eller kanskje ein heller skulle ha sagt kriminaliseringa av patriotismen, opplever at det opnar seg ein avgrunn i spørsmålet om kven ein er og kvar ein høyrer til. Denne avgrunnen berre veks, all den tid me lever på slutten av ein sivilisasjon som var så mirakuløs at ingen andre kontinent er i stand til å inkarnere honom. Dei nye verdsherskarane, frå Doha til Rio, frå Hong Kong til Bombay, og frå Sydney til Singapore, dei er ikkje i stand til anna enn å kome opp med den reint teknologiske versjonen, det er når einskildmennesket vert omforma til ein småborgar – etnisk utblanda, globalisert, udanna, sosialdemokratisk – personar av nett det slaget som Breivik har drepe, men som kor som er gjer Breivik til noko anna enn det som Enzensberger kallar for ein “radikal tapar”. Sidan Breivik handla åleine, og ikkje i samsvar med eit terroristisk program, så er handlingane hans i beste fall eit stakkarsleg uttrykk for eit sivilisatorisk overlevnadsinstinkt.

Og det har ikkje pressa vilja ta med i reknestykkjet, måvite: Hjå Breivik vantar denne inverse kvaliteten som elles ville ha enda med å forsikre alle dei gode sjelene i det han vekte opp att den store fantasmen om eit nynazistisk ekstremhøgre. Ein fantasme som i Tyskland, til dømes, har fått ei beint fram fråstøytande form (og som har fått kanslarinne Merkel til å orsake seg andsynes utlendingane i landet, som oftast tyrkarar, installerte på tysk jord. Dei nemnde “orsakingane” er vortne til ein sakral, seremoniell farse der Europa har rota seg endelaust langt ut på jordet; Politiet i Oslo har på same måten kome med si orsaking for at dei ikkje hadde gripe inn tidleg nok): Breivik er ikkje rasist, det er ikkje innvandrarar han har drepe, men etnisk norsk ungdom som etter Breivik sitt syn (og her kjem me til kjernen i saka) arbeider for å skifte ut innhaldet i den norske nasjonen.

Breivik er såleis ein einskildkrigar: Gutungen som vart forlaten av far sin, han er vorten den tapte soldaten i ein krig som ikkje vil seie namnet sitt. Saka er ikkje til å sjå igjennom fingrane på. Det er grunnen til at kompendiet hans – som mellom linene avslører korleis individet går til grunne, korleis det så å seie har vorte fordømt – inneheld presise og sakssvarande analysar kring tapet av nasjonal identitet. Breivik minnar oss, med ein signatur som ikkje tener tanken (eller jamvel avskipar honom), om at det går mot ein borgarkrig i Europa.

Men for ein distanse, til dømes, med sjølvmordet, ikkje mindre spektakulært, som ein Mishima sette opp mot dekadansen i det moderne Japan! Slik kjem Breivik til å vere eit symptom på vår dekadanse, meir enn han skulle vere nokon som kunne framkalle fornuft – den historiske fornufta som Europa er på veg bort frå. Og den nylege politiske islamiseringa i Maghreb-landa, i Egypt og snart i heile Midtausten kjem til å minne oss om det. Dette etter at godtruande “ekspertar” i geopolitikk eller middelmådige skribentar som er fascinerte av dei salafistiske oppreistane, i Libya som i Syria, fyrst hadde varsla om ei demokratisk og sekulær atterføding i desse nasjonane. Alt medan dei gløymde kor sterk den friviljuge underkastinga kunne vere, eller at det demokratiske idealet ikkje sluttar å diskreditere seg sjølv i eit Europa som har brote med dei kristne røtene sine.

Her kjem eg til massakren i ordet sin rette forstand. Har me lagt merke til at Europa ikkje ligg bak Amerika når det gjeld massakrar i stort omfang? Det er verdt å merke seg at det er mest eine og åleine i dei nordeuopeiske landa at det har kome til store massakrar, i dei landa som er protestantiske, eller som var det – dimeir land som er sosialt og politisk eksemplariske. Eg minnar om nokre av desse massakrane:

Den 13. mars 1996, 16 døde i Dunblane, i England; den 27. september 2001: 15 døde i den kantonale forsamlinga i Zoug, i Sveits; den 26. mars 2002, åtte døde i rådhuset i Nanterre, i Frankrike; den 27. mars 2002: 17 døde i ein barnehage, i Tyskland; den 7. november 2007, ti døde på ein vidaregåande skule i Finland; den 11. november 2009, 16 døde på ein vidaregåande skule i Tyskland. Ved kvart høve har mordaren retta våpenet mot seg sjølv, som eufemismen seier det.

Breivik, han har overgjeve seg, noko som gjer handlinga hans til noko heilt anna enn eit slags assistert sjølvmord: Ei politisk handling som ein freistar å redusere til eit utbrot av morderisk schizofreni.

Finst det ein filmregissør som vil gjere hendinga til si eiga? Massakren i Columbine var på sett og vis ei litterær hending som gjekk ut over alle grenser, ei tragisk likning over keisemdi og alt det tome i den amerikanske kvardagen som filmen til Gus van Sant har greidd å få fram på eksemplarisk vis.

I tilfellet Breivik, så hadde det kome til å verte ein dårleg actionfilm, der ein elles hadde vore nøydd til å gjere om på slutten – som fylgje av det politiske innhaldet han ber med seg. Måten situasjonen roar seg på er ikkje moralsk “spektakulær” nok. I alle fall om ein skal rette seg etter framsida på Nouvel Observateur som, den sommaren då, synte ein Breivik som kaldt og roleg justerte våpenet sitt under ein rekonstruksjon. På framsida, som er mistenkjeleg lik den til bestseljaren Millenium, skulle det å skifte ut hovudet til Breivik med det til Johnny Depp vere nok til å skape den rette spektakulære meiningsløysa – og såleis slette heile hendinga ut.

Det er ikkje unyttig å merke seg at på lag samstundes hadde avisa Le Monde, i hui og hast, sendt ein spesialutsending til ein sjarmerande fiskarlandsby i Brasil, for å lage eit hyggjeleg portrettintervju, heilsides og med foto på framsida åt avisa, med den italienske terroristen Cesare Battisti, omskulert til “fransk” skribent og støtta av kaviarvenstre. Han legg ut om sjelslivet sitt, og han frikjenner seg sjølv på ein måte som er så sjølvtilfreds at han berre vert overgått av den tilfredsstillinga som journalisten hadde av å kunne møte honom til eit intervju. Den ekstreme venstresida i Europa, ikkje minst i Frankrike, det mest sosialistiske av landa i Europa, nyter godt av ein velvilje og ein toleranse som ikkje gjev samvitskvalar for nokon, men som dessutan forklårar handlingane til ein Breivik – framfor alt viljen hans til å kjempe mot ein “marxisasjon” av Europa; ein omgrepsbruk som har noko litt ynkeleg over seg, sidan marxismen kulturelt sett alt for lenge sidan er vorten teken opp i kapitalismen. Kulturen, eller snarare det som han er vorten utskift med: det kulturelle, det skal symbolsk sett kome frå venstresida, som er ideologisk dominerande, men til sjuande og sist likevel er vorten så uviktig – endå ho støttar seg på Retten, ein annan pilar, saman med Marknaden åt Den Nye Verdsordenen.

Ein skulle kunne prøve å sjå i Breivik ein malthusiansk helt, komplementert med ein som praktiserar massakrar. Men det hadde vore å gjera handlingane hans til noko anna enn det som dei er. Han skriv seg inn i ein ovende mørk bakgrunn som det er viktig å minne om. Den same sommaren hadde det vore ein atomkatastrofe i Fukushima, og på det internasjonale planet vart politikken gjord til lått som resultat av affæren med DSK. Ein DSK, som med sin sosiale og seksuelle terrorisme er vorten det dialektfrie motstykkjet til den erotomane kristelegdemokraten Berlusconi. Og sidan, dagen etter massakren på Utøya, fekk me dødsfallet hennar Amy Winehouse, som på sett og vis tok litt av rampelyset bort frå Breivik. Den sommaren den gongen, den kan ein såleis framfor alt seie var kulminasjonen av ei finanskrise som var fødd i 2008 og som var åt å leggje Europa i kne.

At denne finansielle krisa jamvel markerar fallitten åt ein sivilisisasjon, det er det berre dei åndssvake som ikkje kan sjå. Breivik er, det er sikkert og visst, både eit fortvila og eit fortvilande teikn på korleis Europa har undervurdert multikulturalismens herjingar. Han signaliserar vidare nederlaget åt spiritualiteten i møte med pengemaktene. Finanskrisa er er ei fornuftskrise, ei verdikrise, og såleis ei litteraturkrise med. Breivik, på sin eigen godtruande måte, langt frå å inkarnere Nial, har gjort seg til bodberaren som måtte ofrast. Han ber bod om ein vondskap som herjar samfunna våre, samfunn som er hamna i eit uføre der folk ikkje veit si arme råd og vert førde på villspor.

Breivik, fortel ein av dei som overlevde massakren, fniste medan han stod mellom dei døde menneska. Langt frå å vere ein konseptuell artist, som dette vitnet kunne få ein til å tru, så vil ikkje Breivik vere med på det som Baudrillard kallar “duplisiteten” i samtidskunsten, det er “å krevje nulliteten, det uviktige og meiningslause, når ein allereie er eit null” – noko som faktisk gjer alle artistiske og eksistensielle innspel om inkje. Han har ikkje freista transformere ei handling, som på det politiske planet er så ineffektiv at ho kjem til kort, til ein “fatal strategi” på det biletlege planet.

Han er ikkje ein Warhol som går til felts mot multikulturalismen. Ikkje mindre har han ynskt sine femten minutt med medieglorie; han er ein skribent per definisjon og, utan tvil, den oppøste inkarnasjonen åt den fortvila helten i filmen til Joachim Trier, Oslo 31. august, som er komen ut, og det er verdt å merke seg, nokre månader etter massakren på Utøya; ein helt som tek attende karakteren til Lyktemannen hans Louis Malle, etter romanen til Drieu La Rochelle – sjeldsynte er dei franske journalistane som har bite seg merke i det, for Drieu er vorten verande ein av dei mest brennmerkte i fransk litteratur, endå om han hadde svara for mistaka sine med sitt eige sjølvmord.

Ikkje har Breivik fullført den aller simplaste surrealistiske gesten som, etter det Breton fortel, går ut på å “ta ein revolver i kvar hand, gå ut på gata og skyte vilt ikring seg, så mykje ein kan, inn i folkemengda”. Heller ikkje har han teke Koranen bokstaveleg, når det gjeld den utryddingstrangen som kvart eit vanleg menneske kann kjenne på seg når det opplever at det er vorte heimlaust. To utsegner, det til Breton og det til Koranen, og der ein ikkje har bite seg godt nok merke i måten dei knyter seg saman – i bakplanet på alle krigane og folkemorda i det tjuande århundret, og til ekkoet av Adorno si fordømming av kulturen “etter Auschwitz”.

Utrydding som litterært motiv: her kjem det som ikkje let seg rettferdiggjere, og der spørsmålet som Breivik steller indirekte (og utan tvil ufriviljug), om den globale overfolkesetnaden og den økologiske katastrofen, vert komplementert med spørsmålet om dei fallande europeiske fødselsratene og brotet med den homogeniteten som har vore rådande i samfunn som det norske, det finske, det svenske, det danske, det nederlandske – alle land der dei som ein varsamt kallar for populistar er komne i regjeringsposisjon.

Me som kvar dag kjenner på kulturløysa åt dei innfødde og samstundes på den avgrunnen som skil oss frå dei ikkje-europeiske folkegruppene som har installert seg på vår grunn, me veit at det er framfor alt språket som tel, og med det minnet, blodet, identiteten. Skal me så seie at Breivik har rett, under dei omstenda at offera hans ikkje var anna enn unge sosialdemokratar, med andre ord framtidige kollaboratørar for den multikulturelle nihilismen? Nei: Når skrivinga med automatgevær vert perfeksjonert, så er det noko der som fører Breivik forbi det som let seg rettferdiggjere – det som kunne ha vore, ikkje mindre, ein av dei avgrensa definisjonane på litteraturen, og samstundes sjølve negasjonen av denne.

Den store mengda, multikulturalismen, uføret ein ikkje kjem seg ut or, den svimlande kjensla av å vera trøytt eller av å ha gått frå sans og samling, eller det som Renaud Camus kallar “desiviliseringa”, med “den store utskiftinga” som då vert den logiske fylgja: her ser ein tydeleg nok litteraturen sitt nederlag. Dei som vil gå forbi tåketala om eit ekstremhøgre som ein elles ikkje heilt veit kva det er for noko, om ikkje berre ein fantasme som høyrer til den globale sosialismen, dei bør merke seg kva ein journalist frå Nouvel Observateur hadde notert seg, sommaren 2011: Ingen av dei vidgjetne skandinaviske thrillerforfattarane hadde “varsla” at det skulle kome ein Breivik – desse som kor som er har vore mellom dei fyrste til å åtvare mot påståtte komplott frå nynazistar og arkenazistar som trugar samfunna våre, og det jamvel om ein veit sers godt kva det er som er samfunnsundergravande i røynda. Kan hende kan dei forklåre Breivik.

Desse skribentane, openbert frå venstresida, desse årvakne, desse naive, dei ser som regel ikkje anna enn det som dei vil sjå. Ein Davidsen, ein Nesbø, ein Mankell og den avlidne forfattaren åt Millenium, dei er blinde, eller dei let att augo, når dei ikkje driv med propaganda som i “Kvinnen i plast” av nordmannen Kjell Ola Dahl. I boka til Dahl er Oslo er framstelt som ein multikulturell hovudstad, med sine utanomeuropeiske innvandrarar og sine fargerike forstader, så kjære hjå borgarskapens bohemar i Frankrike. Der ser ein millom anna ein politimann, innfødd norsk, som tek fornamnet Mustafa for å kunne gifte seg med ei muslimsk innvandrarkvinne, og ein av kollegaene hans ovundrar det han ser i det han er på vandring mot forstaden Grobarlandslein: “Lena lika å verte borte i folkemengda som sverma ikring mellom dei fargerike bustadene, med tilskot frå framande arkitekturar, som minareten i Akerbergsvegen. Det einaste som vanta for å komplettere den eksotiske stemninga var bøneropa frå muezzinen”.

Ein visjon som me kan roe oss med, ein “eksotisme” i heimen, der ein nektar seg sjølv å ta med i reknestykket at i ropet frå muezzinen gjallar det ein dødsbodskap over kristendomen, og på den måten slutten for nasjonane våre. I dette forfallet, denne dekadansen, er Breivik utan tvil det som Noreg fortente og det som ventar samfunna våre som ikkje sluttar å forblinde og fornekte seg sjølve, særskilt i Frankrike og i England. Breivik er langt frå ein utryddande engel, heller ikkje eit udyr frå Apokalypsen, han er samstundes både bøddel og offer, symptom og umogeleg lækjemiddel. Han er det umoglege i eigen høge person, og der negativiteten er sleppt laus i den spirituelle himmelen til Europa.

Ein annan norsk forfattar, Gunnar Staalesen, er meir subtil, meir ironisk, framfor alt meir forfattar kanskje, gammal filolog som han er. Ei av bøkene hans, der helten er ein desillusjonert detektiv, har han gjeve tittelen “I mørket er alle ulver grå”.
Breivik er ein av desse desillusjonerte. Han er vorten ein einsam, grå ulv. For Breivik har noko grått over seg. Det er difor han kunne ha vorte forfattar. Journalisten i Nouvel Observateur, som hadde konstatert kor blinde folk er vortne i vår tid, trur at han har funne opphavet til Breivik i den store Knut Hamsun – som ein veit stod ope fram som nazist og som enda dagane sine på sinnssjukehuset, på same måten som Breivik kjem til å ende sine dagar der.

Del innhold: