Stalinisme på høgnorsk

(Norsk umsetjing av fyreordet frå boki ”With Stalin” av Enver Hoxha, utgjeve i 1979 på det albanske bokreidingslaget 8 Nentori)

Ved hundradårsminnet for då Josef Stalin vart fødd 21. desember dette året markerar at det er hundrad år sidan Josef Stalin vart fødd, den umtykte og framståande leidaren for det russiske proletariatet, lojal ven med det albanske folket og kjær ven med dei tynte folki i verdi som slæst for fridom, sjølvstende, demokrati og sosialisme.

So lenge Stalin livde, stræva han utan stogg mot russisk kapitalisme, mot heimskapitalismen (verdskapitalismen) og mot dei antimarxistiske og antileninistiske straumdragi og trendane som hadde gjenge i tenest for heimsreaksjonen og kapitalen. Attmed Lenin, og under leidarskapen hans, var han ein av inspiratorane og leidarane for den store sosialistiske oktoberrevolusjonen, ein stridsmann for bolsjevikpartiet.

Etter at Lenin døydde, 30 år til endes, leidde Stalin kampen for å innføra og sikra sosialismen i Sovjetunionen. Det er grunnen til at proletariatet og folket i verdi held honom og arbeidet hans so høgt. Det er òg grunnen til at kapitalistborgarskapen og heimsreaksjonen syner endelaus fiendskap mot denne trufaste læresveinen og framståande, resolutte våpenfelagen hans Vladimir Iljits Lenin.

Stalin tok plass millom dei store marxist-leninistiske klassikarane med den harde og prinsipielle kampen for å verja, konsistent implementera og dyrka ideane åt Marx, Engels og Lenin. Skarp og dugande som han var makta han å halda hovudet kaldt, jamvel i dei vandslegaste stundene, når borgarskapen og reaksjonen gjorde det dei kunde for å hindra den store sosialistiske oktoberrevolusjonen i å sigra.

Vandemåli (vanskane) som møtte det russiske proletariatet på vegen fram var kolossale, sidan kapitalismen rådde grunnen i Russland og i verdi. Men kapitalismen hadde alt produsera banemennene sine – proletariatet, den mest revolusjonære klassen som skulde leida revolusjonen. Denne klassen hadde å fullføra den historiske uppgåva si med suksess, i nådelaus kamp mot fiendane, og gjenom denne kampen vinna rettane og fridomen sin og taka politisk makt i eigne hender. På denne vegen laut proletariatet riva den politiske og økonomiske makti frå undertrykkjarane og utbytarane – kapitalistborgarskapen, og byggja den nye verdi.

Marx og Engels skapte den proletariske vitskapen for revolusjonen og den vitskaplege sosialismen. Dei skipa den internasjonale arbeidarsamskipnaden, kjend som den Fyrste Internasjonale. Fyreloga  åt den Fyrste Internasjonale vart skrivi ned i det Konstitusjonelle Manifestet, som staka ut vegen proletariatet laut gå for å likvidera privat eigarskap yver produksjonsmidlane, for å skipa det proletariske partiet som kunde riva til seg statsmakti på den revolusjonære vegen og vel so mykje for å kriga mot kapitalisme og opportunisme, presentera i ymse ”teoretiske” former i ulike land.

Vladimir Iljits Lenin, som på framifrå vis førde vidare arbeidet åt Karl Marx og Friedrich Engels, bygde på hovudverki deira og varde deim meisterlegt, kjempa mot trendane frå revisjonistar, opportunistar og andre yverlauparar. Svikarane sleppte ned det lysande merket åt den Fyrste Internasjonale og hædde ope slagordet frå det kommunistiske manifestet: ”Arbeidarar i alle land, stå saman” Desse yverlauparane frå marxismen studde imperialistkrigen snarare enn å gjera motstand.

Lenin skreiv hovudverk um å verja og dyrka marxismen. Serskilt rikte han upp ideane åt Marx og Engels på korleides skapa eit sosialistisk og kommunistisk samfund. Lenin slost for å skapa og konsolidera bolsjevikpartiet, alltid med det materialistiske historiesynet i bakhovudet vel so mykje som vilkåri for landet og epoken han livde i. Medan tsardømet og tsarheren var i forfall, kunde Vladimir Iljits, i lag med dei hine bolsjevikane, fyrebu og setja i gang den store proletariske sosialistiske revolusjonen gjenom ein intensiv revolusjonær kamp i Russland og utanlands.

Den geniale planen hans Lenin for å gjera revolusjon var ein realitet. Etter at den store revolusjonen, som kava upp den gamle verdi og opna ein ny epoke i menneskesoga – epoken for å likvidera tyning og utbyting, var kruna med siger, heldt Lenin fram strævet med å byggja den fyrste sosialiststaten. Den trugne medarbeidaren hans, Josef Stalin, slost og sleit saman med honom. 

Det er lett å skyna at borgarskapen ikkje kunde lata vera å reisa bust mot ideane åt Marx, Engels og Lenin og dei korrekte, resolutte og stødige åtgjerdene (handlingane) deira til bate for arbeidarklassen og folki. So gjorde dei med, utan å nøla, rått og brutalt. Aldri slutta dei å retta dei ymsande våpni sine mot deim.

Denne store, organisera fiendskapen frå kapitalismen og den reaksjonære heimsborgarskapen vart konfrontera med den store, organisera og usynlege styrken åt det russiske proletariatet, i lag med heimsproletariatet. Denne konfrontasjonen synte fram ein vill klassekamp innanfor og utanfor Russland, tydeleg gjenom heile perioden i samanstøytane med intervensjonsstyrkane og attlivande frå tsarisme og russisk reaksjon. Desse fiendane laut nedkjempast utan nåde.

Bolsjevikpartiet laut herda seg, staten for proletariatet sitt diktatur, som den prinsipielle fylgja av revolusjonen, laut byggjast ferdug og grunnlaget for den sosialistiske økonomien fylgja i faret åt denne klassestriden. Difor laut dei ferda ut grunnleggjande umbøter (reformer) på alle umkverve i livet, men i ein ny kurs, i ei ny ånd, med eit nytt fyremål: Dei skulde nytta teoriane hans Marx um filosofi, politisk økonomi og vitskapleg sosialisme på ein nyskapande måte og under dei konkrete vilkåri i Tsar-Russland.

Alle desse måli laut dei gjenomføra under leiding av proletariatet, som den mest avansera og mest revolusjonære klassen, på herdane åt alliansen med fatigbøndene og millombondestandet. Etter å ha skapt den nye statsmakti, laut ein stor og heroisk kamp utkjempast for å betra det økonomiske og kulturelle livet åt folket som var frigjort frå åket åt tsarismen og framand kapital frå andre europeiske land. I denne titaniske kampen stod Stalin stødt attmed Lenin; han var ein frontkjempar.

Di meir den nye sovjetstaten vart politisk konsolidera, di meir industrien voks fram i alle bransjar, di meir det kollektive jordbruket og den nye sosialistkulturen gav næring til Sovjetunionen, di hardare vart motstandet frå fiendane utanfrå og den lokale reaksjonen. Fiendane intensivera denne kampen serskilt etter at Vladimir Iljitsj Lenin døydde.

Fyre liket hans Lenin lova Stalin at han lojalt vilde lyda det han hadde lært, fylgja upp påbodi hans for å halda rein den staute kommunisttitelen, vakta og styrkja einskapen i bolsjevikpartiet, halda i hævd og utan stogg stålsetja proletariatet sitt diktatur, dagstødt styrkja alliansen av arbeidarar og bønder, vera lojal til siste slutt mot prinsippi i den proletariske internasjonalismen, verja den fyrste sosialiststaten frå planane åt lokale borgarskaps-  og landeigarfiendar og imperialistfiendar utanfrå som ynskte å øydeleggja honom, og å gjenomføra sosialismen til endes på sjetteluten av jordi.

Josef Stalin heldt ord. I leidingi åt bolsjevikpartiet visste han korleides han skulde leida det sosialistiske byggverket i Sovjetunionen og gjera det store heimlandet åt det russiske proletariatet og alle folki i Sovjetunionen til ein kolossal base for verdsrevolusjonen. Han synte seg å vera ein verdug uppfylgjar av arbeidet åt Marx, Engels og Lenin og gav framifrå prov på at han var ein stor, klårtenkt og resolutt marxist-leninist.

Fiendane inne i Sovjetunionen – trotskistane, bukharinistane, zinovjevistane og andre, var nært knytte til utanlandske kapitalistar, dei var vortne verktyi deira. Sume av deim heldt fram i rekkjone åt bolsjevikpartiet for å taka hovudkvarteret innanfrå, for å riva upp den rette marxist-leninistiske lina åt partiet med Stalin i leidingi. Andre operera utanfor partiet, men innanfor staten, og i løynd eller ope freista å sabotera det sosialistiske byggverket. Under desse umstendi sette Stalin jarnhardt i verk hovudinstruksjonen frå Lenin um straks å reinsa partiet for alle opportunistiske element, for alle som kapitulerar under presset frå borgarskapen og imperialismen og noko synspunkt framandt for marxismen-leninismen. Kampen Stalin kjempa i leidingi åt bolsjevikpartiet mot trotskistane og bukharinistane var framhald rett frå kampen Lenin førde, ein grundig, prinsipiell, helsebringande kamp som sosialismen korkje kunde byggjast eller verjast utan.

Josef Stalin visste at sigrane kunde vinnast og verjast gjenom strev og møda, gjenom sveitte og slit. Han synte aldri dårleg underbygd optimisme yver sigrane som vart uppnådde  og var aldri pessimistisk yver vandemåli  som kom upp. Tvert imot, Stalin var ein makelaust mogen personlegdom, varsam i tankane, avgjerdene og åtgjerdene sine. Som den sterke mannen han var, kunde Stalin vinna hjarto i partiet og folket, mobilisera energien deira, herda militære i slag og lyfta deim politisk og ideologisk for å setja skikkelegt arbeid ut i livet, utan sidestykke i soga.

Femårsplanane hans Stalin for å rikja upp økonomien og kulturen gjorde det fyrste sosialistiske landet um til ei stor sosialistmakt. Rettleidd av læra frå Lenin um å prioritera tungindustrien i den sosialistiske industrialiseringi utstyrde det Stalin-leidde bolsjevikpartiet landet med med ein svært sterk industri til å laga produksjonsmidlar, med ein gigantisk maskinbyggjingsindustri, i stand til å sikra snøgg framvokster i heile folkeøkonomien og alle  naudsynte reidskapar, og like fullt eit uyvervinnelegt forsvar. Som Stalin sagde laut tungindustrien som vart bygd upp ”stydja seg på dei interne styrkane, utan slavebindande kredittar og lån utanfrå”. Stalin hadde gjort det klårt at når dei sette upp tungindustrien, kunde sovjetstaten ikkje fylgja att i vegen på dei kapitalistiske landi og taka lån frå eller plyndra andre land.

Etter at jordbruket i Sovjetunionen var kollektivisera, vart eit moderne sosialistisk jordbruk bygt upp med ein kraftfull basis i jordbruksmaskinar produsera av den sosialistiske tungindustrien, og soleides vart vandemåli med korn og andre grunnleggjande  jordbruks- og buskapsprodukt løyste. Det var Stalin som grundig utarbeidde kooperativistplanane hans Lenin, som leidde gjenomføringi av denne planen i hard kamp med fiendane av sosialismen, med kulakkane, med bukharinistsvikarane, med dei tallause vandemåli og meinbægji (hindri) som ikkje berre stamma frå fiendslege aktivitetar, men frå dårlege røynslor og frå privateigedomskjensla som hadde djupe røter i medvitet åt bøndene.

Uppbyggjingi av økonomisk og kulturell styrke skuva på konsolideringi av proletariatet sitt diktatur i Sovjetunionen. I leidingi åt bolsjevikpartiet organisera og styrde Stalin sovjetstaten på ein meisterleg måte, staten fungera stødt betre, og gjekk alltid i den marxist-leninistiske stemneleidi. Han bygde upp strukturar og yverstrukturar i samfundet med basis i  den interne politiske stoda og økonomiske framvoksteren. Samstundes  miste han aldri av syne stoda utanfor, det vil segja dei rovlystne siktemåli og uhyggjelege intrigane pønska ut av dei borgarleg-kapitalistiske statane som vilde hefta (uroa) arbeidarane i å byggja den nye staten.

Heimskapitalismen såg på Sovjetunionen som fårlegaste fienden sin, og lagde difor vinn på å isolera landet frå utsida samstundes med at dei uppmoda til og organisera komplott med yverlauparar, spionar, svikarar og høgreorientera frå innsida. Proletariatet sitt diktatur slo til mot desse fårlege fiendane utan nåde. Alle svikarane vart sette på tiltalebenken. På den tidi var dei prova skuldige, høgst yvertydande og med uumtvistelegt prov. Den borgarlege progagandaen laga mykje uppstuss kring rettssakene i Sovjetunionen som vart køyrde med grunnlag i dei revolusjonære lovene, mot trotskistane, bukharinistane, radekane, zinovjevittane, kamenevittane, pyatakovane og tukhachevskistane. 

Dei steig upp og sette i system kampanjen sin  med sverting og nedrakking mot den rettvise striden sovjetstaten førde. Mot bolsjevikpartiet og Stalin som varde livet åt folki sine, varde det nye sosialistsystemet bygt med blodet og sveitten åt arbeidarar og bønder, varde den store oktoberrevolusjonen og den reine marxismen-leninismen.

Kva slags baktaling og ærekrenkjing fann ikkje dei utanlandske fiendane på, serskilt mot Josef Stalin, uppfylgjaren til arbeidi åt Marx og Lenin, den gåverike leidaren for Sovjetunionen som dei skulda for å vera ein ”blodig tyrann” og ”mordar”. All denne hetsen var til å undrast yver, so kyniske dei sjølve var. Nei, Stalin var ingen tyrann, han var rettvis, smålåten og svært venleg og miskunnsam mot folket, kadrane og felagane sine. Det var difor partiet, folki i Sambandet av Sosialistiske Sovjetrepublikkar og heile heimsproletariatet var so glade i honom. Dette er slik millionar av kommunistar og framskotne personlegdomar, revolusjonære og progressive folk yver heile verdi kjende Stalin. I boki si med titelen ”Stalin” segjer Henri Barbusse millom andre ting: ”Han knytte og heldt uppe bandi med arbeidarane, bøndene og dei intellektuelle i SSSR, og vel so mykje med dei revolusjonære i verdi, dei som elskar heimlandet sitt – det er med mange fleire enn 200 millionar ibuarar”. Han lagde til, ”Denne klåre og upplyste personen er ein lunefull mann… han lær som eit barn… Frå mange synsleite er Stalin svært lik den ekstraordinære V. Iljits: Det same herredømet i teorien, , den same praktiske sansen, dei same avgjerdene… Meir enn i nokon annan person er det i Stalin ein finn tankane og ordi hans Lenin. Han er Lenin av i dag.”

Konsistente, marxist-leninistiske, revolusjonære idear gjeng som ein raud tråd gjenom alle tankane og arbeidi hans Stalin, skrivne eller komne fram i praksis. Ikkje noko prinsipielt mistak kann ein finna i arbeidi åt denne framståande marxist-leninisten. Arbeidet hans var trygt forankra i interessone åt proletariatet og dei arbeidande massane, sosialismen og kommunismen, i interessone åt nasjonale frigjeringskampar og anti-imperialistisk stræv. Han var ikkje eklektisk i dei teoretiske og politiske synspunkti sine, helder ikkje vakla han når det kom til dei praktiske åtgjerdene. Han som studde seg på den ekte venskapen åt Josef Stalin kunde trygt marsjera fram mot ei ljos framtid for folket sitt. Han som gjekk vill kunde ikkje sleppa undan den uppvakte og strengt dømande Josef Stalin. Denne domen hadde røtene sine i dei store ideane frå den marxist-leninistiske teorien, som hadde krystallisera seg i hugen og sjæli hans. Framigjenom, so lenge han livde, visste han å halda roret stødt og styra den rette leidi mot sosialismen, i bylgjor og stormar laga av fiendar.

Stalin visste når og i kva umfang det kunde slakkast av på kravi utan at det braut med den marxist-leninistiske ideologien, men tvert um tente revolusjonen, sosialismen, Sovjetunionen og venene åt Sovjetunionen.

Proletariatet, dei marxist-leninistiske partii, dei uforfalska kommunistane og alle progressive folk i verdi heldt den gagnlege framferdi åt bolsjevikpartiet og Stalin, til vern av den nye sosialiststaten og sosio-økonomiske ordenen, for å vera rettvis, rimeleg og naudsynt. Arbeidet hans Stalin fekk fagning frå verdsproletariatet og folki, for dei såg at han slost mot tyningi og utbytingi som dei kjende på kroppen. Folki såg at stikkingi til Stalin kom strake vegen frå dei monstri som organisera massetortur og massedråp i kapitalistsamfundet, dei som var årsak til svolt, armod, arbeidsløysa og so mykje elende, av dette fylgde at dei ikkje trudde på nidingstala.

Millionar av arbeidarar verdi yver reiste seg mot desse fiendane i store streikar og kraftuge demonstrasjonar i gatone og gjekk til åtak på fabrikkane og anleggi åt kapitalistane. Folki fylka seg til strid mot kolonisatorane for å vinna fridomen og dei demokratiske rettane sine. Desse åtgjerdene var på same tid samla internasjonal studnad til Sovjetunionen og Stalin, dei var med og styrkte den nye sovjetstaten og utvida den store autoriteten hans i verdi.

Alle kommunistane i verdi som kjempa mot heimskapitalismen vart av borgarskapen og yverlauparane frå marxismen-leninismen kalla ”agentar” for Sovjetunionen og Stalin. Men kommunistane var ærlege menneske, dei var ikkje agentar for nokon, einast lojale tilhengjarar av doktrinen åt Marx, Engels, Lenin og Stalin. Dei studde Sovjetunionen av di dei såg korleides politikken der fylgde upp dei kommunistiske ideali, dei såg eit klårt døme på korleides dei skulde gå fram i striden og auka innsatsen for å vinna det eine slaget etter det andre, for å slå fiendar og kvitta seg med åket åt kapitalmakti og byggja den nye sosialistiske ordenen.

Medan heimskapitalismen veikna som ein utdatera orden i forfall, triumfera sosialismen i Sovjetunionen som den nye ordenen for framtidi og vart eit endå sterkare ryggstø for verdsrevolusjonen. Under desse umstendi laut kapitalismen setja alle klutar til for å retta eit dødbringande slag mot den store sosialiststaten åt arbeidarane som synte verdi vegen ut or utbytingi. Difor fyrebudde og sette kapitalistane i gang andre heimskrigen. Dei bygde, forsynte, øste upp og væpna Hitler-folket til ”krig mot bolsjevismen”, mot Sovjetunionen, og for å realisera draumen um ”Lebensraum” i aust. Stalin var uppvakt, han visste vel at hetsen mot honom, koka i hop av den internasjonale kapitalistborgarskapen, um at han ikkje slost mot den framveksande nazismen og fascismen var slagord ein kunde venta seg frå borgarskapen og Hitler-femtekolonnen med det fyremålet å lura heimsopinionen og setja i verk planane um åtak på Sovjetunionen.

Den sjuande Komintern-kongressen, skipa til i 1935, skildra med rette fascismen som den verste fienden åt folki under dei konkrete vilkåri på denne tidi. På upptak rett frå Stalin reiste kongressen parolen åt den antifascistiske folkefronten som skulde skipast i alle land for å avsløra dei aggressive planane og plyndringsaktivitetane åt fasciststatane. Slik skulde folket reisa seg mot desse planane og denne aktiviteten og avverja den nye imperialistiske krigen som truga verdi.

Ikkje ein augneblink miste Stalin av syne fåren som truga Sovjetunionen. Til alle tider kjempa han resolutt og gav klåre instruksjonar um at partiet laut herdast til dei komande slagi, at sovjetfolki laut sameinast i ein marxist-leninistisk einskap hard som stål, at sovjetøkonomien laut konsoliderast på den sosialistiske vegen, at forsvaret av Sovjetunionen laut styrkjast både materielt og med kadrar og hava ein revolusjonær strategi med revolusjonær taktikk. Det var Stalin som synte og prova gjenom fakta frå sjølve livet at imperialistane er krigshissarar og at imperialismen ber uppe plyndringskrigar. Difor sagde han frå um at folket heile tidi laut halda seg vakne og alltid vera budde på å hamla upp med kvar ei åtgjerd frå hitlernazistane, dei italienske fascistane og dei japanske militaristane, saman med dei hine kapitalistiske verdsmaktene. Ordet frå Stalin var prisa yver gull, det vart ei rettesnor for arbeidarane og folki i verdi.

Stalin kom med framlegg til regjeringane i dei store kapitalistmaktene i Vest-Europa um ein allianse mot Hitler-pesten, men desse regjeringane avviste framlegget, ja so menn braut dei jamvel avtalone dei hadde med Sovjetunionen frå fyrr av, av di dei vona Hitler-folket kom til å eliminera ”bolsjevismens såkorn” og draga kastanjenætene ut or elden for deim.

Andsynes ei slik ekstremt ålvorleg og fårleg stoda, og ute av stand til å yvertyda styresmaktene i dei sokalla vestlege demokratii um å slutta seg til ein anti-fascistisk allianse, såg Stalin det fyremålstenlegt å arbeida med å få krigen mot Sovjetunionen til å drygja ut, slik at ein vann tid til å styrkja forsvaret meir. Til denne slutten signera han ikkjeåtakspakt med Tyskland. Denne pakti skulde tena til å få fred ei tid til, for Stalin såg kor aggressivt Hitler-Tyskland var, og hadde budd seg og heldt fram å bu seg på det.

Mange borgarlege og revisjonistiske politikarar og historikarar hævdar at Hitler tok Sovjetunionen på sengi og legg skuldi på Stalin! Men fakta talar imot desse spottordi. Alle veit at agressoren Hitler-Tyskland, som på ussel vis braut ikkjeåtakspakti, fekk fyremunene med strategisk yverrasking og mange fleire soldatar frå den store styrken på um lag 200 divisjonar av sine eigne og alliera, og kasta deim ut i ein ”Blitzkrieg” som etter planane hans Hitler skulde yverfløyma og yvervinna Sovjetunionen innan ikkje meir enn tvo månader!

Men alle veit kva som hende i røyndi. ”Blitzkrigen” som hadde lukkast yveralt i Vest-Europa gjekk skeis i aust. Svært sterke attum linone, med studnad frå heile sovjetfolket, sleit den raude heren ut fiendestyrkane under rettretten til dess at dei batt deim upp. So gjekk dei til motåtak og knuste deim i slag etter slag til dess at raudeheren endelegt tvinga Hitler-Tyskland til vilkårslaus kapitulasjon. Soga hev alt ført i boki den avgjerande rolla Sovjetunionen hadde i slå Hitler-Tyskland og i det heile gjera fascismen til inkjes då den andre heimsufreden stod på.

Korleides kunde planane hans Hitler um ”blitzkrieg” mot Sovjetunionen verta slegne og korleides kunde det landet ha spela ei slik hovudrolla i å berga manneætti frå fascisttrældomen utan den stålsolide styrken og livskrafti frå det sosialistiske systemet som stod imot den største og vandslegaste prøva i andre heimskrigen? Korleides kann desse sigrane skiljast frå den makelaust gode gjerningi Stalin hadde, både i å fyrebu landet på å stå imot imperialistaggresjonen og i å senda heimatt Hitler-folket og i den historiske sigeren yver fascismen? Kvar einaste djevelsk freistnad frå khrustsjovrevisjonistane på å skilja Stalin frå partiet og sovjetfolket i samband med den avgjerande rolla sosialiststaten hadde i sigeren gjeng i tusund knas fyre åsynet åt dei historiske realitetane som ikkje nokor makt kann driva attende eller bagatellisera.

Krigen sovjetfolki førde, med Stalin i leidingi, gjorde at ei rad land vart frie frå nazitrældomen, lagde grunnlaget for å skipa folkedemokrati i ikkje fåe austeuropeiske land og gav ein sterk impuls til stridane for nasjonal frigjering, anti-imperialismen og anti-kolonialismen. Kolonisystemet smuldra upp og kollapsa, og dette skapte eit nytt styrketilhøve i verdi, i favør av sosialismen og revolusjonen.

Khrustsjov var so skamlaus å skulda Stalin for å vera ein person ”avsondra” frå røyndomen, som visst ikkje kjende stoda i Sovjetunionen og verdi, som ikkje hadde greida på kvar den raude heren deployera og som kommandera deim med ein skuleglobus til kart!

Jamvel slike leidarar for heimskapitalismen som Churchill, Roosevelt, Truman, Eden, Montgomery, Hopkins og andre var tvinga til å sanna dei uimotsegjelege merittane hans Stalin, endå dei samstundes ikkje freista løyna fiendskapen sin mot den marxist-leninistike politikken og ideologien og Stalin personlegt. Eg hev lese memoarane deira og sèt at desse leidarane for kapitalismen talar med vyrdnad for statsmannen og militærstrategen Stalin, skildrar honom som ein stor mann ”utrusta med ein godt merkande sans for strategi”, ”gløgg som få når han gjeng til åtak på problem”. Churchill sagde um Stalin at ”eg hev age for denne store og framifrå mannen…, svært få menneske i verdi kunde ha skyna dei problemi der me hadde rota oss burt ein månad til endes, som dette, på so få minutt. Han hadde teke det heile på ein augneblink.”

Khrustsjovittane ynskte å skapa det rengjebilætet at ikkje Stalin, men dei, visstnok hadde leidd den store sovjetiske fedrelandskrigen mot nazismen! Men heile verdi visste at dei på den tidi søkte ly under skuggen hans Stalin som dei song hykkelske lovsongar til: ”Me skuldar alle sigrane og framgangane våre til store Stalin” osb. Samstundes budde dei seg på å vraka desse sigrane. Dei verkelege songane, som kom frå hjarta, song dei ærefulle sovjetiske soldatane som gjekk inn i historiske slag med Stalin-namnet på lippone.

Jamvel um det var langt frå Sovjetunionen, kjende dei albanske kommunistane og folket sterkt og intimt den store gjerningi Stalin gjorde. Dette var i dei myrkaste stundane landet vårt upplivde, med italiensk og tysk fascistokkupasjon, då lagnaden åt heimlandet vårt skulde avgjerast, um me laut træla vidare eller fekk koma upp i fridomen og ljoset. I dei låkaste dagane i krigen var Stalin alltid attmed oss. Han styrkte oss i voni og viljen, stålsette hjarto og trygde sigersvissa. Mang ein gong var dei siste ordi åt ein albansk kommunist, patriot eller partisan som let livet på slagmarki eller fyre fiendslege galgar, maskingevær og automatriflor: ”Lenge live kommunistpartiet!”, ”Lenge live Stalin!”. Meir enn èin gong hev me råka ut for at når fiendekulone gjenomhola hjarto åt folket sine søner og døtrer, kom dei samstundes til å brjota gjenom verki hans Stalin, vakta på bringa som høgskatta ervebrev.

Endå so stor innsats fiendane innanfor og utanfor Sovjetunionen lagde ned på å sabotera sosialismen etter andre heimskrigen, både av ope og løynt slag, skreiv den korrekte politikken hans Stalin dagsetelen i store internasjonale problem. Det krigsherja sovjetlandet, som miste 20 millionar på slagmarkane, bygde seg upp att yverraskande snøgt. Dette store arbeidet tok sovjetfolket seg av, arbeidarklassen og bøndene på kollektivbruki, leidde av bolsjevikpartiet og Stalin.

Då andre heimsufreden stod på, kom revisjonismen på banen med sviket hans Browder, eks-generalsekretær i kommunistpartiet i USA, som saman med revisjonistfelagane sine løyste upp partiet og gjekk i tenest for amerikansk imperialisme. Browder vilde likvidera kvar ei demarkasjonslina millom borgarskapen og proletariatet, millom kapitalisme og sosialisme, for å ganga saman i èi verd. Han var mot revolusjonen og borgarkrigen og for den fredfulle sameksistensen av klassar i samfundet. Me kann segja at med denne ”kvite lina”, med kapitulasjonspolitikken sin, gjekk Browder fyre Tito, som for skuld dei anti-marxistiske og antileninistiske synsmåtane sine gjekk inn i ein ideologisk konflikt med Sovjetunionen under krigen, jamvel um konflikten fyrst braut ope ut etter krigen. Etter mykje tolmodig innsats med å få renegaten Tito på lina, når dei var yvertydde um at han ikkje var råd å korrigera, gjekk Stalin, bolsjevikpartiet og alle andre uforfalska kommunistparti i verdi ut og samrøystes fordømde honom. Det vart soleklårt at arbeidet hans Tito var i tenest for heimsimperialismen, difor leit han på og fekk studnad frå amerikansk imperialisme og andre kapitalistatar. Som han slutta seg til det borgarlege propagandakoret og vilde gjera seg verdug tiltrui hjå imperialistane, tok Tito millom andre ting til å skulda Stalin for å visstnok planleggja åtak på Jugoslavia. Tidi prova at Tito laug.

I dei ulike samtalone eg hadde den store æra å føra med Stalin, fortalde han meg at det aldri hadde og aldri kunde koma på tale for Sovjetunionen å ganga til åtak på Jugoslavia. Me er kommunistar, sagde Stalin, og kjem aldri til å gjera åtak  på nokon utanlandsk stat, soleides helder ikkje Jugoslavia, men me skal avsløra Tito og titoistane, for det pliktar me som er marxistar. Same um dei held Tito med makti eller styrtar honom i Jugoslavia er dette eit internasjonalt spursmål som er upp til folket i Jugoslavia å ordna upp i, det er ikkje upp til oss gripa inn i denne affæra, sagde han.

Gjengen kring Nikita Khrustsjov fekk studnad og uppmuntring til Stalin-hetsen frå renegaten Josip Broz Tito som hadde stade ope fram lenge fyrr, og seinare frå Mao Zedung og kompani og andre revisjonistar av ymsande fargetonar. I røyndi var dei alle kapitalismens gromgutar, sette til å øydeleggja sosialismen i Sovjetunionen innanfrå, fyrebyggja sosialismen i Jugoslavia og hindra at sosialismen vart bygd i Kina og i heile verdi. Det er grunnen til at dei set seg imot Stalin, i honom såg dei den sterke mannen, på honom hadde dei ingen ting so lenge han var i live.

Desse svikarane var arvtakarane til sosialdemokratane, revisjonistane, opportunistyverlauparane frå den andre internasjonale, etterfylgjarane åt det skammelege arbeidet deira under andre umstende og vilkår. Dei hævda at dei såg etter nye måtar å arbeida på som var ”fyremålstenlege” for stoda og og klekte ut det dei kalla nye idear for å ”korrigera” og ”supplera” marxismen-leninismen i samsvar med ”tidåndi” osb.  Same kva slags formelle skilnader dei skulde manifestera med synsmåtane sine og huglaget sitt, hadde desse avskumi det eine målet:  å slåst mot marxismen-leninismen, å neitta for det absolutt naudsynte med proletariatet sitt diktatur, å øydeleggja sosialismen, å døyva klassekampen og bægja for at den gamle kapitalistklassen vart styrta ein gong for alle.

Stalin var ein sann internasjonalist. Han fòr vel åt med det sovjetiske serdraget, at unionen var skapt av mange republikkar sette saman av ymsande folkeslag. Difor perfeksjonera han statsorganisasjonen  åt desse republikkane med like rettar åt alle. Med den korrekte marxist-leninistiske politikken han nytta på det nasjonale spursmålet lukkast Stalin i å forma og herda den militante einskapen millom dei ulike folki i Sambandet av Sosialistiske Sovjetrepublikkar. Medan han sat i leidingi åt partiet og sovjetstaten, gav han sitt tilskot til å gjera nasjonsfengselet – det gamle tsarrussland, um til eit fritt, sjølvstendelegt og suverent land der folki og republikkane livde i harmoni, venskap og einskap med like rettar. Stalin kjende nasjonane og det historiske upphavet deira, han kjende dei ulike kulturelle og psykologiske serhåttane åt kvart folk og tok seg av deim på marxist-leninistisk vis.

Den internasjonale Josef Stalin er grannt til stades i sambandet som vart uppretta millom folkedemokratii med, land han såg på som frie, sjølvstendelege, suverene statar, nære alliera med Sovjetunionen. Han reikna aldri desse statane som dominera av Sovjetunionen, korkje politisk eller økonomisk. Dette var ein korrekt marxist-leninistisk politikk som Stalin fylgde.

I memoarane mine hev eg skrive um fyrespurnaden eg sende Stalin i 1947 um å skipa nokre sams albansk-sovjetiske selskap til å nytta seg av dei underjordiske rikdomane våre. Han fortalde meg at dei ikkje sette upp sams selskap i den folkedemokratiske brorskapen, og forklåra meg at jamvel sume stig tekne i denne leidi frå fyrsten av hadde dei dei reikna for mistak og gjeve upp. Det er plikti vår, sagde Stalin, å forsyna dei folkedemokratiske landi med all den teknologien me sit inne med og gjeva deim den økonomiske hjelpi me er i stand til å gjeva, og me skal alltid vera reiduge til å stydja deim. Dette er det Stalin tenkte og det er slik han gjekk fram.

Khrustsjovittane derimot fylgde ikkje i denne leidi. Dei skar yver i vegen for slu kapitalistkollaborasjon der dei skapte militære, politiske og økoniske ”einskapar” med tidlegare folkedemokratiske land for skuld eigne interessor og for å skada dei hine.

Dei gjorde Warszawapakti um til eit instrument for å halda dei nye koloniane sine nede i trældom, med metodar dei kalla for sosialistiske. Dei bygde um Comecon frå ein  organisasjon til å hjelpast åt økonomisk, som det var i tidi hans Stalin, til ein reidskap for å kontrollera og utbyta dei innmelde landi.

Soleides var politikken hans Josef Stalin på alle dei store politiske, ideologiske og økonomiske problemi èin ting, medan politikken åt khrustsjevittane og andre moderne revisjonistar er noko heilt anna. Politikken hans Stalin var prinsipiell og internasjonalistisk, medan den sovjetrevisjonistane fører er ein kapitalistpolitikk som kuvar dei hine folki som hev gjenge i eller er åt å gå i fella deira.

Imperialistane, Tito, khrustsjovittane og andre fiendar kom med skuldingar mot Stalin. Etter krigen skulde han visst ha kløyvd upp innflytnadssfærone med dei tidlegare antifasctiske alliera – Sambandsstatane og Storbritannia. Tidi hev kasta denne skuldingi i ruskebingen, nett som ho gjorde med alle hine. Etter andre heimskrigen varde Stalin folki med eksemplarisk rettferd, den nasjonale frigjeringskampen deira og dei nasjonale og sosiale rettane mot hækna åt tidlegare alliera i den antifascistiske krigen.

Fiendane åt kommunismen, som spenner frå internasjonal borgarleg reaksjon ned til khrustsjovittane og alle hine revisjonistane, hev stræva med alle midlar for å sverta og forvrengja alle dei tapre, reine tankane og rettkomne åtgjerdene åt denne store marxist-leninisten, og for å diskreditera den fyrste sosialiststaten sett upp av Lenin og Stalin.

Med stor list fekk khrustsjovittane, desse nye læresveinane åt Trotskij, Bukharin, Zinovjev og Tukhachevskij, eggja fram grilla og kjensla i deim som hadde vore med på krigen at dei var betre enn anna folk. Dei hjelpte fram privilegium for eliten, opna vegen for byråkratiet og liberalismen i partiet og staten, braut dei sanne revolusjonære normene og makta smått um senn å planta nederlagsstemningi i folket. Dei framstilde all djevelskapen som fylgde av aktivitetane deira som sett i stand av ”dei strenge og sekteriske synsmåtane og arbeidsmetodane” hans Stalin. Denne djevelske dygdi åt desse som kasta steinen og gøymde handi tente til å narra arbeidarklassen, bøndene på kollektivbruki og dei intellektuelle, og til å setja i rørsla alle dissidentelementi som hadde halde seg i løynd til den tid. Dissidentar, karrieristar og degenerera element vart fortalde at tidi for ”verkeleg fridom” var komi for deim, og denne ”fridomen” kom frå Nikita Khrustsjov og gruppa hans. Dette er korleides grunnlaget var lagt for å øydeleggja sosialismen i Sovjetunionen, for å styrta proletariatet sitt diktatur og skipa ein stat for ”heile folket” som i røyndi ikkje kom til å verta anna enn ein diktaturstat av fascistslaget, som han er no.

Alle desse tyleferdene kom til synes tidlegt etter at Stalin døydde, eller for å vera meir presis, vart myrda. Eg segjer etter at Stalin vart myrda av di Mikoyan sjølv fortalde oss at dei saman med Khrustsjov og medhjelparane sine hadde avgjort at dei skulde gjenomføra eit ”pokushenie”, dvs freista taka livet av Stalin, men seinare, som Mikoyan fortalde oss, gav dei upp planen. Det er eit kjent faktum at khrustsjovittane kunde mest ikkje venta på at Stalin skulde døy. Umstendi kring dødsfallet hans er ikkje klåre.

Ei uløyst gåta i dette høvet er spursmålet um dei ”kvite linblusane”, rettargangen mot kremldokterane som so lenge Stalin livde var skulda for å ha freista drepa mange leidarar i Sovjetunionen. Etter at Stalin døydde, vart desse dokterane rehabilitera og det vart ikkje sagt meir um dette spursmålet! Men kvifor vart spursmålet dyssa ned? Vart den kriminelle aktiviteten åt dokterane prova då rettssaki stod på eller ikkje? Dokterspursmålet vart dyssa ned, for hadde det vorte etterforska seinare, hadde det vorte skikkelegt gjenomgjenge, kom det til å bringa ein god slump skite linty upp i ljoset, mange brotsverk og samansverjingar som dei løynde revisjonistane, med Khrustsjov og Mikoyan i brodden, hadde sett i verk. Dette kunde vera forklåringi på dei bråe dødsfalli på nokre fåe dagar med, der Gottwald, Bierut, Foster, Dimitrov og sume andre døydde av sjukdomar som alle kunde lækjast, som eg hev skrive um i dei upublisera memoarane mine, ”Khrustsjovittane og oss”. Dette kunde syna seg å vera den rette årsaki til at Stalin med døydde so brått.

For å nå dei rotne måli sine og for å setja kampplanane sine mot marxismen-leninismen ut i livet, likvidera Khrustsjov og gruppa hans mange av hovudleidarane i Komintern, den eine etter hin, med stille og mystiske metodar. Utanum andre gjekk dei til åtak på og diskreditera Rakosi med, sparka honom frå posten sin og internera honom langt ute på dei russiske steppone.

I den ”løynde” rapporten som vart lagd fram på den tjugande partikongressen, kasta Nikita Khrostsjov og medhjelparane hans skit på Josef Vissarionovitsj Stalin og freista skjemma honom på dei mest svinske måtane. Dei tydde til dei mest kyniske trotskistmetodane. Etter å ha gjort kompromiss med nokre av kadrane i det sovjetiske kommunistpartiet, utnytta dei deim på det grovaste for so å sparka deim ut og likvidera deim som partifiendslege element. Khrustsjovittane, leidde av Khrustsjov, som fordømde ”Stalin-kulten” for å dekkja yver  eigne etterfylgjande brotsverk mot Sovjetunionen og sosialismen hevja Khrustsjov-kulten skyhøgt.

Desse toppfunksjonærane i partiet og sovjetstaten knytte Stalin til brutalitet, list, truløysa og lågmål, til fengslingane og mordi dei sjølve var andsvarlege for og som hadde gjenge deim i blodet. So lenge Stalin livde var det nett dei som song lovsongar til honom for å dekkja yver karrierismen sin og  dei løynde måli og åtgjerdene. I 1949 skildra Khrustsjov Stalin som ”den geniale leidaren og læraren” og sagde at ”namnet hans Stalin er merket for alle sigrane åt sovjetfolket, merket for striden åt det arbeidande folket heile verdi yver”. Mikoyan skildra verki hans Stalin som ”eit nytt historisk stadium av leninismen”. Kosygin sagde at ”me skuldar alle sigrane våre til Stalin” osb. Medan dei etter han døydde tedde seg heilt annleis. Det var khrustsjovittane som kjøvde røysti frå partiet, kjøvde røysti frå arbeidarklassen og fylde konsentrasjonslægri med patriotar. Det var dei som tømde det svikefulle botnfallet ut or fengsli, trotskistane og alle fiendane, som tid og fakta hev prova og no med striden deira som dissidentar atter prova er motstandarar av sosialismen og agentar i tenest for framande kapitalistfiendar.

Det er khrustsjovittane som på konspiratorisk og mystisk vis «tiltala» og fordømde ikkje berre dei sovjetiske revolusjonære, men mange personar frå andre land med. I notati mine hev eg skrive um eit møte med sovjetleidarane der Khrustsjov, Mikoyan, Molotov og sume andre var til stades. Som Mikoyan var åt å fara til Austerrike, snudde Molotov seg til honom og sagde halvskjemtande: «Ver varsam og ikkje ‘rot det til’ i Austerrike, slik du gjorde det i Ungarn». Eg spurde straks Molotov: «Kvifor, var det Mikoyan som ‘rota det til’ i Ungarn?» Han svara: «Ja», og heldt fram, «um Mikoyan fer attende der, kjem dei til å hengja honom». Mikoyan, denne uærlege anti-marxistiske kosmopolitten, svara: «Um dei hengjer meg, kjem dei til å hengja Kadar med». Men endå um desse tvo vart hengde, er intrigar og slyngelstrikar framleides umoralsk.

Khrustsjov, Mikoyan og Suslov varde fyrst konspiratøren Imre Nagy, og so fordømde og avretta dei honom i løynd sumestad i Romania! Kven gav deim retten til å fara slik åt med ein framand statsborgar? Jamvel um han var ein konspiratør, skulde han berre ha vorte tiltala i sitt eige land og ikkje etter framand lov, rett eller straff. Stalin gjorde aldri slike ting.

Nei, Stalin fòr aldri slik åt. Han køyrde opne rettssaker mot deim som sveik partiet og sovjetstaten. Partiet og sovjetfolki vart fortalde ende ut um brotsverki dei hadde gjort. Du finn aldri slike mafia-like metodar hjå Stalin som du finn hjå dei sovjetrevisjonistiske sjefane.

Sovjetrevisjonistane hev nytta og nyttar framleides slike metodar mot einannen i maktkampen sin, nett som i alle kapitalistiske land. Khrustjov kom til makti gjenom eit putsj, og Bresjnev styrta honom frå truna med eit putsj.

Bresjnev og kompani kvitta seg med Khrustsjov for å varna den revisjonistiske politikken frå å verta diskreditera og avslørd av den sprøe framferdi og dei skjemmande narrestrikane hans. Han gjekk ikkje på nokor vis imot khrustsjovismen, rapportane og avgjerdene frå dei 20. og 22. kongressane som gav khrustsjovismen kjøt på beini. Bresjnev synte seg å vera so utakksam mot Khrustsjov, som han tidlegare lova so høgt, at han ikkje ein gong kunde finna eit hol i kremlmuren til å leggja oska hans i når han døydde!

Samstundes vart korkje dei sovjetiske folki eller verdsopinionen nokon gong informera um dei verkelege årsakene til at Khrustsjov fall. Endå til denne dagen er «hovudårsaki» revisjonistdokumenti gjev oss «den høge alderen og det veikte helsetilstandet hans»!!

Stalin var ikkje på nokor vis det fiendane åt kommunismen skulda og skuldar honom for å vera. Tvert um, han var rettvis og ein mann av prinsipp. Han visste korleides han skulde hjelpa og kjempa mot deim som gjorde mistak, han visste korleides han skulde stydja, uppmuntra til og peika ut dei svære dygdene åt deim som tente marxismen-leninismen lojalt, slik stoda kravde det. Spursmålet um Rokossovskij og det um Sjukov er godt kjende. Når Rokossovskij og Sjukov gjorde mistak, vart dei kritisera og avsette frå postane sine. Men dei som kasta deim heldt deim ikkje for å vera av verste slaget. Tvert um, dei vart vel hjelpte i det ein held det for trygt at desse kadrane hadde korrigera seg sjølve. Stalin flutte deim upp i andsvarlege posisjonar, gjorde deim til markskalkar og då den store fedrelandsufreden stod på, gav deim ekstremt viktuge uppgåvor ved hovudfronten for krigen mot Hitler-inntrengjarane. Einast ein leidar med eit klårt konsept frå marxismen-leninismen og som gjorde bruk av marxist-leninistisk rettferd i arbeidet med å evaluera arbeidet åt folk, med dei gode og dårlege sidone, kunde handla som Stalin gjorde.

Etter at Stalin døydde, vart marskalk Sjukov eit verkty for Nikita Khrustjov og gruppa hans. Han studde den trulause aktiviteten hans Khrustsjov mot Sovjetunionen, bolsjevikpartiet og Stalin. Sistpå kasta Nikita Khrustsjov frå seg Sjukov som ein most sitron. Han gjorde det same med Rokossovskij og mange andre hovudkadrar.

Mange sovjetkommunistar vart narra av demagogien åt revisjonistgruppa hans Khrustsjov og tenkte at no når Stalin var daud skulde Sovjetunionen verta eit verkelegt paradis, slik revisjonistsvikarane tok til å forkynna. Dei kunngjorde med brask og bram at i 1980 skulde kommunismen vera etablera i Sovjetunionen! Men kva hende? Det motsette, og det kunde ikkje vera annleides. Revisjonistane tok ikkje makti for å gjeva Sovjetunionen framgang, men for å snu landet attende til kapitalismen, og det gjorde dei til gagns. Dei vilde leggja økonomien i landet laglegt til for verdskapitalen, gjera løynde og opne avtalor med amerikansk imperialisme, tvinga under seg folki i folkedemokratii gjenom det dei kalla militære og økonomiske avtalor, halda desse statane i trældom og  skapa marknader og innflytnadssfærar i verdi. Dette var khrustsjovittane som utnytta det sigerrike sosialistiske byggverket i Sovjetunionen, og dei snudde desse sigrane til slike atterslag at dei skapte ein ny klasse av den sosialimperialistiske borgarskapen, ein klasse som skulde gjera Sovjetunionen til ei imperialistisk verdsmakt og saman med Sambandsstatane styra verdi. Stalin hadde åtvara partiet mot denne fåren. Khrustsjov sjølv medgav for oss at Stalin hadde sagt til deim at dei kom til å selja ut Sovjetunionen til imperialismen. Og dette er det som faktisk hende. Det han sagde hev slege til.

Slik stoda er i dag kann folki i verdi, heimsproletariatet, logiske menneske med reine hjarto, sjølve døma kor rette synsmåtar Stalin hadde. Men det er berre med eit breidt politisk, ideologisk, økonomisk og militært utsyn at dei kann døma kor rett den marxist-leninistiske lina hans var.

Upp til i går hev borgarskapen og revisjonistane, som driv historieforfalsking gjenom propagandaen sin, sverta verksemdi hans Stalin i hugen åt folki, men no som folket vel veit kva khrustsjovittane, titoistane, maoistane, ”eurokommunistane” og andre er, og kva Hitler-folket var, kva amerikansk imperialisme og heimskapitalisme er, so veit dei kvifor Stalin slost, kvifor bolsjevikane slost, kvifor proletarane og dei rettelege marxist-leninistane slæst, og kva fiendane deira, straumdragi og trendane i tenest for kapitalismen og revisjonismen, kjempar for. Dei som trur at kommunismen hev ”svikta” hev alltid vorte og kjem so visst til å verta vonbrotne. Tidi provar kvar dag at doktrinen vår er livande og allmektig.

Kvar den som vurderar arbeidet hans Stalin under eitt kann skyna at den skarpe og kommunistiske åndi åt denne framståande personlegdomen er eit sersyn i den moderne verdi.

Den store saki åt Marx, Engels, Lenin og Stalin, saki åt sosialismen og kommunismen, er framtidi for verdi.

Me albanske kommunistane hev med stort hell teke til oss lærdomen frå Stalin, fyrst og mest for å hava eit sterkt og stålsett parti, alltid lojalt mot marxismen-leninismen, hardt mot klassefienden, og me hev passa godt på å halda uppe einskapen i tankar og gjerningar i partiet og å styrkja einskapen åt partiet med folket. Me hev fylgt læra hans Stalin um korleides byggja ein sosialistisk industri og kollektivisera landbruket, og hev uppnådd store framgangar. Partiet vårt og folket vil slåst for å konstant styrkja den nære alliansen millom arbeidarklassen og bondestandet under leidarskapen åt arbeidarklassen. Me let oss aldri narra av lovtalone og triksi frå fiendane, korkje innanfrå eller utanfrå, men kjem til å halda fram klassekampen, både innetter og utetter, og kjem alltid til vera på vakt mot den vondi verksemdi deira. Elles, um me ikkje hadde synt oss uppvakte, um me ikkje trufast hadde søkt lærdomane frå Marx, Engels, Lenin og Stalin, då hadde Albania sokke ned i myri åt den moderne revisjonismen, landet hadde ikkje lenger vore sjølvstendelegt og sosialistisk, og me hadde ikkje lenger havt proletariatet sitt diktatur, men slaveri under imperialistmaktene.

Partiet vårt og folket vil halda fram på vegen åt Karl Marx, Friedrich Engels, Vladimir Uljanov Lenin og Josef Stalin. Dei komande ættledene i det sosialistiske Albania kjem lojalt til å fylgja linone åt det høgskatta partiet deira.

Albanarane, kommunistane og dei partilause patriotane bøygjer seg i vyrdnad for minnet åt den ærefulle læraren, Josef Stalin. I samband med hundradårsminnet for då han vart fødd, hugsar me andaktsfullt mannen som hjelpte oss, som gjorde oss i stand til å styrkja kraftene åt folket vårt som partiet hadde gjort til allmektige herrar yver sin eigen lagnad. For dygdene med frigjeringi av landet med og byggjingi av sosialismen er me skuldige den internasjonalistiske hjelpi frå Stalin. Dei rike og svært verdfulle røynslone hans hev leidd oss på vegen vår og i den daglege verksemdi.

I dette jubileumsåret stend partiet vårt i med den eine vidtfemnande aktiviteten etter hin for å gjera det ærerike livet og arbeidet hans Josef Stalin endå betre kjent. All aktiviteten åt partiet vårt, frå skipingi til dagen i dag, vitnar um kjærleiken, vyrdnaden og lojaliteten til den udødelege doktrinen åt dei store klassikarane våre, og frå dette til ideane hans Josef Stalin. Og slik skal det vera i landet vårt i ættled etter ættled.

Sidan eg er ein stridsmann for partiet, ein av leidarane, som partiet hev æra med å senda meg helder mange gonger for å møta kamerat Stalin, for å prata med honom um vandemåli våre og stoda vår, og for å spyrja um råd og hjelp, hev eg freista å skriva ned det eg hugsar att i dag frå desse møti, nett slik eg hev kjent og sèt åtferdi hans Stalin mot målsmennene (representantane) for eit lite parti og folk som vårt. Då eg gjorde desse simple memoari tilgjengelege for publisering, var det med ynsket um å hjelpa kommunistane våre, arbeidsfolket og ungdomen å verta kjende med det fyredømet denne store og udødelege mannen var.

På denne strålande årsdagen bøygjer eg meg i trurøkje og lojalitet til partiet og folket som fødde meg, seda meg upp og herda meg, og til Josef Stalin som hev gjeve meg slik verdfull rådgjeving for at folket mitt skal vera lukkelegt og leivna slike uutslettelege minne åt meg i hjarta og hug.

For oss marxist-leninistane og dei tallause sympatisørane med dei høge hugmåli åt arbeidarklassen kringum i heile verdi, lyt dette hundradårsminnet tena til å styrkja kampeinskapen i rekkjone våre.

No, ved høgtidingi av dette store jubileet for då Stalin vart fødd, er tidi komi for grundig refleksjon hjå ærlege folk yeralt i verdi for å finna den rette vegen, for å driva ut or hugen den skodda som er skapt av kapitalistborgarskapen og revisjonistborgarskapen med det fyremålet å paralysera den revolusjonære krafti og dei revolusjonære tankane i massane.  Revolusjonære tankar og gjerningar skal leida mennene med den gode viljen, dei rettvise mennene, mennene åt folket, frametter på vegen burt frå åket åt kapitalen.

Som me høgtidar Stalin og arbeidet hans ved hundradårsminnet for då han vart fødd, kann ikkje me marxist-leninistane lata vera å venda oss beinveges til folket i Sovjetunionen og fortelja deim endeframt og usminka:

De som slost og vann yver dei fårlegaste fiendane åt manneætti med namnet hans Stalin på lippone dykkar,  kva er det de hev tenkt å gjera, skal de halda fram tagale midt i dette store jubileet?

Sidan dei ikkje kann løyna namnet og det framifrå gode arbeidet hans Stalin, kann khrustsjovrevisjonistane, som ikkje lèt noko standa usagt mot honom, koma til å skriva nokre fåe hjelpelause ord um honom. Men det er upp til dykk som sette ut i livet den store oktoberrevolusjonen å minnast den glimrande leidaren dykkar med age. De lyt øydeleggja det diktatoriske fascistregimet som løyner seg attum villeidande slagord. De skal vita at dei som leider dykk er fascistar, sjåvinistar og imperialistar. Dei fyrebur dykk til å verta kanonføde i ein vill imperialistisk krig, for å drepa folki og herja i land som hadde store voner i heimlandet åt Lenin og Stalin. Dette er ikkje det folki i verdi vil at de skal vera.  Held de fram slik, kann dei ikkje lenger vyrda dykk, men kjem til å hata dykk.

Folki i verdi hatar dei kontrarevolusjonære leidarane de hev no av di atomvåpni dei produserar, paradane på den raude plassen og dei militære manøvrane dei organiserar hev vorte trugande mot folki og fridomen deira, nett som med den amerikanske imperialismen og heimskapitalismen. Våpni og heren i Sovjetunionen er ikkje lenger i hendene på sovjetfolki og tener ikkje frigjeringi av den internasjonale arbeidarklassen. Tvert imot, dei er der for å halda nede sovjetfolket og andre folk.

De lyt skyna og innsjå at fiendane for lenge sidan hev ført dykk ut or den revolusjonære vegen. Khrustsjovrevisjonistane freistar å vekkja i dykk kjenslone av yvermakt og dominans yver andre. Det heiter seg at dei nyttar den store styrken dykkar for å kjempa mot amerikansk imperialisme, men dette er usant. Herskarane dykkar er snarare i allianse med amerikansk imperialisme og heimskapitalismen, ikkje av di det tener revolusjonen, men av di dei hev imperialistiske ambisjonar og tyrstar etter uppkløyving i innflytnadssfærar yver folki.

Folki i verdi ottast dykk, sønene, borneborni og oldeborni åt desse ærefulle frontkjemparane som gjenomførde den store sosialistiske oktoberrevolusjonen, og dykk, sovjetiske arbeidarane, kollektivbøndene, soldatane og intellektuelle. Dei lurer på um de skal halda fram i denne fiendslege stemneleidi som styresmaktene dykkar hev leidd dykk inn i eller um de reiser dykk og slæst på den revolusjonære vegen med namni åt Lenin og Stalin på lippone. Verdi vonar at de slær inn att på den revolusjonære vegen og marsjerar fram med di de ropar som fyregjengarane dykkar, ”Za Lenina!”, ”Za Stalina!”, for ekte sosialisme og mot imperialisme, sosialimperialisme og revisjonisme.

Svikarstyresmaktene gjev dykk ikkje rett informasjon um lidingane åt andre folk som vert drepne i gatone i demonstrasjonar mot dei blodtyrste kapitalistane og imperialistane. Dei fortel dykk ikkje sanningi um kvifor folket i Iran, som tyrstar etter fridom og sjølvstende, reiser seg og styrtar frå truna den tyranniske shahen, eit verkty for amerikansk imperialisme. Den khrustsjovrevisjonistiske klikken held dykk i myrkret um lidingane åt dei arabiske folki, folki i den amerikanske heimsluten og alle heimslutene i verdi, av di det er imperialismen og dei svikefulle leidarane dykkar som er med og fører desse lidingane på deim. Dei fortel dykk inkjevetta (ingenting) um korleides dei nyttar mennene og vasallane sine til å tyna folki i Afrika. De kjenner ikkje til intrigane i verdi som dei nye tsarane i Kreml klekkjer ut, de er ikkje vortne fortalde at venene åt khrustsjovittane, venene åt styresmaktene dykkar som Nikita Khrustsjov og etterfylgjarane hans med Bresjnev i leidingi opna svikarvegen for, gjer sams sak med kapitalistane, til mein for arbeidarklassen og interessone åt folki. De veit ikkje stort um korleides ærlege menneske i landet dykkar vert forfylgde og lyt lida, for det pakket som no tyner dykk tegjer um sovorne ting.

De skal vita folki hev reist seg i revolusjon, at dei fører ein heroisk kamp medan de som utgjer ein stor styrke let leidarane dykkar tyna dykk, halda dykk for narr og lulla dykk i svevn.

Ein bande yverherrar hev gjort landet dykkar um til ei sosialimperialistisk makt. Vegen til berging er den revolusjonære, vegen varda av Marx, Engels, Lenin og Stalin. Bresjnevane, kosyginane, ustinovane og jakubovskijane, til liks med solsjenitskijane og sakharovane, er kontrarevolusjonære og slike lyt styrtast og likviderast.

De er ei stor makt, men de lyt vinna att tiltrui frå heimsproletariatet, tiltrui frå folki i verdi, den store tiltrui som Lenin og Stalin skapte gjenom arbeid og kamp. De skal ikkje venta med å tenkja godt yver framtidi dykkar og den som høyrer manneætti til. Tidi er komi for dykk til å verta det de var når Lenin og Stalin var i live – ærefulle stridsfelagar i den proletariske revolusjonen. Difor skal de ikkje halda fram under åket åt fiendane åt revolusjonen og folki, fiendar åt fridomen og sjølvstendelege statar. De må aldri godtaka å verta verkty for imperialismen som freistar trælbinda folki og gjer bruk av leninismen til maska.

Um de fylgjer vegen åt revolusjonen og marxismen-leninismen, um de knyter dykk tett til heimsproletariatet, då kjem amerikansk imperialisme og den rotnande kapitalismen i det heile til å verta skaka i grunnvollane sine, verdi kjem til å sjå annleis ut og sosialismen vinn.

De sovjetfolki, sovjetarbeidarane, kollektivbøndene og soldatane, hev stort andsvar og store plikter til verdi. De gjer desse pliktene med æra når de neittar å tola dominansen åt den barbariske klikken som no rår yver det ein gong strålande bolsjevikpartiet åt Lenin og Stalin og yver dykk.

I landet dykkar er partiet ikkje lenger eit marxist-leninistisk parti. De lyt byggja eit nytt parti av Lenin-Stalin-slaget gjenom kamp. De lyt skyna at sovjetunionen ikkje lenger er ein union av folk for fridom i full harmoni med einannan. Det var bolsjevismen som lukkast i å skapa den broderlege einskapen av folki i Sovjetunionen.  Revisjonismen hev gjort det motsette: han hev kløyvd upp folki i landet dykkar, hev vekt sjåvinismen i kvar ein republikk, hev eggja fram hatet hjå dei hine folki mot russarane som var framtruppane i revolusjonen under leidarskapen åt Lenin og Stalin.

Vil de framleides finna dykk i at de vert trakka ned? Vil de framleides lata den borgarlege degenereringi gro seg inn på alle livsens umkverve i landet dykkar, slik revisjonistane gjer? Vil de godtaka åket åt ein ny kapital i sosialistisk frakk?

Me albanske kommunistane og folket, til liks med alle kommunistane og fredselskande folki i verdi, hev elska den rettelege sosialistiske sovjetunionen frå tidi åt Lenin og Stalin. Me fylgjer resolutt vegen åt Lenin og Stalin og hev tru på den store revolusjonære styrken i sovjetfolki, det sovjetiske proletariatet, og det er kvifor me er yvertydde at denne styrken smått um senn skal koma grannt til synes. Gjenom kamp og store offer kjem han til å byggja seg upp til det nivået tidi krev og jamna den sovjetiske sosialimperialismen med jordi.

Revolusjonen og ofri de gjer kjem ikkje til å veikja landet dykkar, men gjeva nytt liv åt den rettelege sosialistiske Sovjetunionen. De skal styrta det sosialimperialistiske diktaturet og Sovjetunionen skal koma ut or dette sterkare enn nokon gong. I dette ærefulle arbeidet kjem de til å hava av alle folki i verdi og heimsproletariatet i ryggen. Styrken i dei sosialistiske og kommunistiske ideane er tufta på denne revolusjonære umstyrtingi og ikkje på dei tome ordi og løynde snikhandlingane åt klikken som styrer yver dykk. Einast på denne måten, taktfast vidare i denne stemneleidi, vert dei ekte kommunistane, marxist-leninistane yveralt i verdi, i stand til å slå imperialismen og heimskapitalismen. Dei kjem til å vera med når folki i verdi frigjer seg sjølve, det eine etter hitt, og dei kjem til å vera med når det store Kina legg ut på den rette vegen til sosialismen. Dette i staden for at Kina vert ei supermakt som skal vera med og styra verdi etter umformingi til tridjepartnar i plyndringskrigane. Sovorne krigar fyrebur  amerikansk imperialisme, sovjetisk sosialimperialisme og klikken kring Hua Guofeng og Deng Xiao Ping som for tidi herskar i Kina.

I dette strålande jubileet vil me albanske kommunistane,  lojale elevar av Lenin og Stalin og soldatar for revolusjonen, minna dykk på å tenkja yver desse vandemåli, livsviktuge for dykk og verdi, for me er brørne dykkar, kameratane dykkar i saki åt den proletariske revolusjonen og frigjeringi av folki.  Men um de fylgjer renegatleidarane dykkar inn i den imperialistiske plyndringskrigen, då kjem utan tvil fiendskapen vår til systemet  og dei kontrarevolusjonære handlingane dykkar til å vara ved. Dette er so klårt som dagsens ljos. Det kann ikkje vera annleides.

Me albanske kommunistane, knytte til folket som kjøt til beinet,  legg ikkje inn årane når me er yvertydde um at me hev rett, same kor mykje det skulde storma ikring oss. Og me er yvertydde um at me skal klara kvar ein storm, nett som bolsjevikpartiet og sovjetmakti gjorde, nett som dei store kapteinane for revolusjonen, Lenin og Stalin, klara deim.


Les også Akroma.no anonymt på TOR: 

akromaazzte7avtv.onion


Del innhold: